Gå til innhold
logo-korall

Boklansering

Norsk litteratur i Nazi-Tyskland. Forfattarar, forleggjarar og agentar under det nasjonalsosialistiske kulturregimet av Narve Fulsås

Stad: Aschehoug forlag, Sehesteds gate 3, Oslo
Tid:  25. september kl. 17.00–19.00 
Pris: Gratis og opent for alle

Boklansering_toppbilde 2

Velkommen til lansering

Denne kvelden kjem historikar, biograf og kritikar Ivo de Figueiredo for å samtale med Narve Fulsås. Samtalen blir leidd av Aina Nøding frå Nasjonalbiblioteket. Samtalen er frå kl. 17.3018.30.

 

Om boka

Under den andre verdskrigen var norsk litteratur den største omsette litteraturen i Tyskland. Bak bestseljarane Knut Hamsun og Trygve Gulbranssen var det over hundre norske forfattarar som blei eller prøvde å bli publiserte på tysk i åra 1933–1944. Få av dei var nazistar, nesten ingen snakka om det etterpå. To sentrale formidlarar var advokaten Eilif Moe på Lillehammer og den tyske forlagsmannen og seinare flyktningen Max Tau. Dei er mellom dei fyrste norske litterære agentane, men verksemda deira har vore nesten ukjent. Arkivet etter Det litterære byrå, som det blei kalla, gjer det mogleg å studere korleis norske forfattarar såg på tysk publisering, kva som motiverte dei og kva samarbeidet med tyske forleggjarar og nasjonalsosialistiske kulturstyresmakter innebar. I eit transnasjonalt, tysk-norsk perspektiv får vi ein slåande kontrast mellom motstand mot okkupasjon og nazifisering heime og vilje til å samarbeide med det nazistiske litteratursystemet ute. Det ideelle argumentet for å handle med Tyskland var å forsyne ikkje-nazistiske forleggjarar og lesarar med god omsetjingslitteratur. Men det var alltid følgt av økonomiske omsyn, og utsiktene til sal og inntekter kom ofte til å vege opp for politiske og moralske motførestillingar.  

Boka har open tilgang og vil vere tilgjengeleg på scup.com

Arrangør: Scandinavian University Press

Narve Fulsås-2

Narve Fulsås

Professor emeritus i historie ved UiT Noregs arktiske universitet og forskar II ved Nynorsk kultursentrum. Han har særleg arbeidd med norsk kulturhistorie på 1880- og 1900-talet, frå kulturendringar i kystsamfunn til nasjonal historieskriving og Henrik Ibsen.

Ivo de Figueiredo-2

Ivo de Figueiredo

Prisvinnande historikar, biograf og kritikar, kjend for bøker om mellom andre Edvard Munch, Henrik Ibsen, Johan Bernhard Hjort og Amalie Skram, og personlege og kulturhistoriske essay.